Features
oktober 14, 2014

Kor mistar vi det som kunne ha vorte store grovfôravlingar?

Ved: Anne Kjersti Bakken, Bioforsk Midt-Norge

Tidlegare i år sluttførte Bioforsk eit oppdrag for Landbruksdirektoratet med å setje opp forslag til normalavlingar i eng hausta til vinterfôr. Desse skulle vere utgangspunkt for utrekning av erstatning for avlingsskade etter ei ny forskrift som ein kan lese meir om på heimesidene til direktoratet.


Vi rekna oss først fram til maksimalavlingar eller potensielle avlingar som jord og klima legg til rette for i eit normalår med føresetnad om at heile vekstsesongen vart utnytta og at jord- og engkondisjonen var svært god. Til dette brukte vi Grovfôrmodellen. 

Deretter vart desse avlingane justerte ned til nettoavlingar. Vi trekte frå for mellom anna tap i attleggsår, høg engalder, svinn under hausting og ensilering og for det vi kalte «nedsett engkondisjon i praksisdrift». Nedjusteringane vart gjort på ein systematisk og gjennomsiktig måte, men heilt klart basert på mykje skjønn, og med eit sluttresultat som kan kritiserast og diskuterast. 

Oppdraget var å gi kvar kommune ei normavling, og vi endte i så måte opp med å lage større grupper som vi plasserte kommunane i. Alle som kjenner norsk topografi og variasjonen i driftsformer, jordkvalitet og lokalklima innan kommunar, vil vite at dette inneber grove forenklingar. 

For kommunar med klima og naturgrunnlag omtrent som Stjørdal, kom vi fram til ei netto normalavling på 540 FEm/daa etter å ha starta med ei maksimalavling på 1500 FEm/daa. Nettoavlinga er etter tap under hausting og ensilering, men det er ikkje trekt frå for tap som skjer etter dette. 

Slik vi grupperte og estimerte dei ulike tapspostane, vart «nedsett engkondisjon i praksisdrift » den største, utan at vi spesifiserte årsakene til dette tapet nærare. Legg merke til at posten omfatta direkte årsaker til kondisjonssvekking med basis i drift og agronomisk praksis. Svekking som skyldest streng vinter i normalåret, og som gardbrukar i mindre grad kan gjere noko med, fell til dømes ikkje inn i denne posten. 

Yara har utfordra meg til å foreslå ein spesifikasjon på «nedsett engkondisjon i praksisdrift», som ein kanskje også kan kalle resultat av dårleg agronomisk praksis. Oppsettet som eg foreslår (se figur), har helst verdi berre som utgangspunkt for vidare konkretisering og diskusjon om eit særs viktig tema både for forsking, rådgiving og grovfôrdyrkarane sjølve. Årsakene til at avlingspotensialet ikkje blir tatt ut varierer sjølvsagt frå bruk til bruk, og gjerne også frå skifte til skifte. 

Nokre vil kanskje sakne ein post for manglande ugraskontroll, men her tenker eg at ugrasproblema er dekt av dei andre kategoriane sidan dei ofte har opphav i kjøreskader, dårleg jordstruktur og ikkje minst i dårleg attleggspraksis. Om «Underoptimal næringstilførsel» vil eg seie at det her er størst muleg avling som er optimaliseringskriteriet, og verken miljø eller økonomi.