Sesongen minutt for minutt 2021
Vi besøkte Felde Samdrift i vakre Byrkjelo. Her ble vi møtt av dyktige bønder i fantastiske omgivelser. Artikkel med intervju og flere bilder kommer i neste utgave av Gjødselaktuelt.
Anders Felde i Byrkjelo er ferdig med 1. slåtten, på enga, og om et par uker er det slått også på gjenlegget. Kvaliteten ble bra på 1. slåtten, selv om mengden kunne vært større. Siden slåtten ble tatt tidlig, så satser han på å få til tre slåtter av god kvalitet, for å få et godt melkefôr.
Vårarbeidet er snart ferdig, vi har eit gjennlegg igjen som blir sådd i løpet av veka.
Vi kom seint i gang med våronna denne våren, men når først snøen forsvann og vi kom i gang so har arbeidet gått smertefritt. Lite nedbør gjorde at åkerarbeidet gjekk unna, men grunna kaldt vær so har det vore lite vekst i graset fram til 13-15 mai, deretter har veksten sett bra ut.
Er godt nøgd med såtidspunkt på alle gjennlegga som vart nokre tidlegare enn planlagt. Det eg ikkje er so nøgd med er at kunsgjødsel vart sådd ei veke eller to seinare enn planlagt grunna svak vekst, men det kan hende vi burde teke den ut tidlegare likevel.
14 drektige kviger er komne på beite og sinkyrne er også komne utandørs, so alt i alt er vi godt nøgde med vårarbeidet, terningkast 5.
No skal vi fare over gjenlegga å så kunstgjødsel for no spirer det fint overalt.
--
Under snøen si vart det brakka her i fjor haust og skal no pløyes før vi skal så dette til med Vestlandsblanding. Her var eit større snøfall i førre veke so no ligg det ca. 40 cm snø, og det ser ikkje ut til at den forsvinn komande veke heller.
Feit og god jord som skal gi gode avlingar. Skiftet er ca. 40 dekar, relativt jamt og fint bortsett frå eit jøl som gjer det litt utfordrande. Vi burde vore komne i gang med husdyrgjødsel og litt pløying, normalt kjem vi i gang 10 april. Dette skiftet er ikkje flatt og grunna avrenning måtte vi vente med pløying til å vår. Vi håpar på to slåttar og ei avling på kring 700 fôreiningar.
Men inn til vidare er det berre å vente på at snøen skal forsvinne.
Asia og Oceania