Anders Felde

Eg er ein av deltakarane i Felde Samdrift DA, dei er andre er Per Asbjørn Felde og Sigurd Felde. Den daglege drifta står Anders og Per Asbjørn for. Eg tok over garden i 2002 og so bygde vi nytt fjøs saman med naboane og gjekk i samdrift i 2007. Eg er 49 år og har nokre år på høgskule med idrett og adm. utdanning. Tok vaksenagronom på Mo og Jølster VGS før eg overtok som bonden. Eg er gift med Kristin Daling Felde og vi har fire born. Eg er leiar i Vestland Bondelag og brukar ein del tid på dette. Fritidsinteresser er toppturar på ski og fjellturar i resten av året.

Anders Felde


Skifte: Gjenlegg med gras


Tre ord som beskriver deg som person?

Pågangsmot, positiv og utålmodig.

Hva er det mest positive med bondeyrket?

Variert arbeidskvardag og det at ein arbeider med plantar og dyr som veks.

Hva er mest utfordrende?

Mykje arbeid i periodar, spesielt april-sept.

Nøkkelinfo om gården og drifta: Arealer, vekster, husdyr? Hvilken vekst skal vi følge i «Minutt for minutt»?

VI driv mjølke- og kjøtproduksjon og dyrkar berre grovfôr. Ca 500 dekar + beiter. Vi har stort sett 120 dekar 1 årig raigras + bygg, 50-80 dekar eldre eng der vi direktesår raigras, 50-80 dekar gjennlegg, og resten vanleg eng, stort sett surfor normal blanding. Vi går i år over til å nytte ein del Vestlandsblanding som er meir berekna på tre slåttar, i staden for surfor normal. Vi har mjølkekyr med fult påsett der vi forar fram oksane også. Vi skal følgje eit gjennlegg der vi sår Vestlandsblanding. Målet er å slå dette to gangar. Det er ikkje ferdig pløgd, men brakka og klar til arbeid når snøen reiser.

Hva er din favorittvekst å dyrke og hvorfor?

Inntil vidare er det raigras som er favoritten grunna rask vekst og brukbar kvalitet / avling.